Mine komposisjoner – Reidar Aksnes

Føreord til Reidar Aksnes si notesamling

Notesamlinga som ligg her er melodiar som Reidar har laga. Denne samlinga fekk vi i BUL frå Reidar under spellmannstreffet på Stiklestad 2023. Eg fortalde til Reidar at vi hadde ei nettside på gang. Eit av måla med den er å hjelpe til så danse/musikktradisjonen, som Reidar var ein del av heile livet, kan leve vidare. Reidar sitt ønske var at notane vart ivaretatt og gjort tilgjengeleg for interesserte. Eg fekk lov til å legge dei ut for fri tilgang på nett. Dette er eit minne om ein stor spellmann frå Verdal, og vår måte å heidre Reidar.
– Magnar Kluken