Skip to main content

Søndagsdans

Klæbu 2-radergruppe, «onsdagsdans» i Klæbu, var ideen bak da BUL 
Steinkjer ville prøve med «Søndagsdans» i Dampsaga kulturhus. Grete Våset, som 
var leiar i BUL, fekk styret med på ideen. Siste søndag i august 2011 
var vi i gang. Målet var å få til ein åpen fest, der Spelmannslaget fekk 
spele for folk som likte å bruke musikken til det den var laga til for, 
dans og glede. Det ga også liv og meining inn i Spelmannslaget, saman med 
andre positive underholdningoppdrag som dukka opp.

Spelmannslaget ville ha fleire med i prosjektet, og Monicas 
Toradergruppe stilte, og har stått opp som fast musikkpartner gjennom 
alle år. Det har vore veldig viktig . Det ligg nokre klipp på nett med «Inant» fra første tida, og «søndagsdans på Steinkjer» finn du og. 
 
Det er også både overraskande og veldig artig, at så mange spelemenn og 
dansemusikkgrupper, frå Trondheim i sør til Nordlandsgrensa i nord, har 
hatt lyst  og interesse av å stille opp som 3.gruppe, ein rikdom for 
oppleving og musikalsk  god breidde. All musikk har til no vore utan 
honorar. Rett nok har spelemenn fått gratisbillettar i ny og ned og 
ei god kaffiservering. Ein må berre ta av seg «hatten» for den velvilje 
og positevitet frå alle som har stilt opp for å skape og halde liv i 
«Søndagsdansen»
 
Dansen er også ein viktig del i dette. Første tida var det stort sett 
«gamle travarar». Men kom også nye til etter kvart. Den siste tida, 
etter organisert dansekurs på Gildevangen, har dansegolvet fått god 
rekrutering med optimisme også på dette område.
 
Takk til spelmenn/kvinner , eit flott publikum, og dugnadsgjengen som står på med det praktiske. Det er og veldig viktig for et godt resultat. Vi i laget ønsker at søndagsdansen blir ein arena for å gi næring til videre bruk ,og at nye generasjoner skal ha glede av slåttemusikken, og danseformene som har vært i bruk på «lokalet».
 
for Spelmannslaget
21/6-2025
Magnar Kluken